Slåttevik Velforening

Drikkevatn med dårleg kvalitet
Som de fleste av dykk sikkert har merka så er det svært så ulik farge på drikkevatnet til tider. Drikkevannet vårt er av svært dårleg kvalitet. Arne Henry i Sjonarvegen 21 og Jarle Surnevik i Sjonarvegen 16 har sendt klage til kommunen. Det syner seg at vatnet er av dårleg kvalitet mht farge og inneheld "humus" jfr Erling Severinsen i kommunen. Vedlagt finn de analyse av vannprøve. Det medøfrer ingen helsefare å drikke vatnet seier kommunen. Kommunen er pålagd å lage anlegg for rensing av vatnen innan 2009, men i brevet frå kommunen ser det ikkje ut til at dette kjem på plass før i 2010. Me har bedt om at kommunen ikkje krev vannavgift eller i alle fall redusert vannavgift. Denne saka er ikkje avslutta.

Sitat får e-post til Arne Henry frå Severinsen
"Hei. Viser til telefonsamtale den 19-01-09.omm vannkvalitet på Slottevik.

Eg ser av dine bilder at vannet er grumset.Vi har i dag punkt spylt ut på leidningsnett

Og håper det blir litt betre, men i uke 5 skal vi spyle hele anlegget.

Tysvær Kommune er pålakt til å lage nytt reinseanlegg på lønning og det skal stå ferdig i begynninga av 2010

Som du ser av vedlegg er fargetallet høgt , biologisk er di fine.

 MVH

Erling"
- analyse.pdf

Leikeplass i Sjonarvegen
Kjell Helge Førland, Janne Hetland og Knut Mokleiv er vald til å handsama og organisera tillaging av ny leikeplass. Det er avsatt areal til leikeplass rett nedanfor Sjonar. Har du ynskjer eller innspel, ta kontakt med ein av dei.

Trafikksikring.
Det vert arbeid med saken. Først mot kommunen og politikarane. Det er ein svært lange veg å gå for å få til våre ønskjer, men styret skal gjere sitt beste for at gangfelt, nedsett fart, fysiske hinder med meir vil komma på plass med tid og stunder.

Det forrige styret ved Steinar Jørgensen sende brev til Statens vegvesen den 10 juni 2003. Statens Vegvesen er ikkje den etaten som svarar utan om å tenkje seg nøye og lenge om før ein gjev eit svar (11 månader). Svaret frå vegvesenet som er godt begrunna i statistisk materiale frå Trafikkøkonomisk Institutt kan du lese heile brevet her =>

Styret har på ny sendt brev til kommunen, denne gong til ordføraren og kopi til alle politiske parti i kommunen. I brevet ber me om at ordføraren sett i verk naudsynte tiltak for at våre ønskjer for trafikktryggleiken vert utførd. Heile brevet til ordøfraren kan du lese her =>